
STORBUKK, 11 taggar
Jaktlag frå Oslo : Arne Magnus Rise og Lars Sperre
(skyttar, 7.okt. 2007, jaktområde; spissbeite)
Klikk på
bilde for
å sjå repotasje frå lokalavisa FIRDA (2006)
|
|
Hjortejakt i vill
vestlandsnatur.
Hjortejakt; Jaktlaget Både Natt
og Dag vart
stifta 29.april 1995 av
brødrene Knut Ove, Arne og Johan Olaf Førde. Vi starta
med å leige 23 løyver fordelt
på 3 vald. Onklar og søskenbarn vart med i laget og vi har
i dag delt opp jakta
i ein Utleigedel styrt av Knut Ove
og ein BND-del som Jaktlaget BND
jaktar på.
Knut Ove Førde er leiar av BND.
Han bur på småbruket Teita ved Byrkjelo i Gloppen kommune
og
jobbar som lærar på idrettslina ved Firda
Vidaregåande skule på Sandane.
Håpar du finn mykje nyttig og
interessant på sidene våre.
ALEA IACTA EST
- Jakta er alt. -
Med dei beste
ønskjer
om ei god jakt.
Helsingar frå
Jaktlaget Både Natt og Dag
|
Vår målsetjing
Vår målsetjing er å drive viltpleie av
hjortestammen vår
slik at vi i mange, mange år kan hente ut både
trofèhjortar og hjortekjøt - og
dei gode opplevingane. Vi jobbar mot å verte ”perfekte” jegarar.
Og sidan jakta
ikkje er ferdig før hjortemiddagen er klar på bordet, har
vi mange område å forbetre oss
på.
Bilder 2007
Bilder fra jakta 2007 LES
MEIR
HER
>>

9. oktober 2007:



Byrkjelo/Breim i
Gloppen kommune, Nordfjord, Sogn og Fjordane
Vi er tre brødre som fatta
interesse for jakt, fiske og
friluftsliv i svært ung alder. Dette var heilt naturleg sidan vi
veks opp i ein
stor søskenflokk på gard i den vakre byga Breim i Gloppen
kommune i Nordfjord i
Sogn og Fjordane.
Medlemar i Jaktlaget
Både Natt og Dag er:
Knut Ove
Førde
(født 1963) er leiar av Jaktlaget. Knut arbeider som
faglærar i kroppsøving ved
idrettslina på Firda Vidaregåande skule på Sandane
(kommunesenteret i Gloppen
kommune). Han har utdanning frå Norges Idrettshøgskole.
Knut driv også
småbruket Teita som er ein del av jaktfelta til Jaktlaget.
Arne
Førde (født
1967) arbeider som fotballtrenar for Fotballklubben Voss. Arne har lang
erfaring innan fotball og har tidlegare vore dagleg leiar av Nordstrand
Fotball
(Oslo) og assistenttrenar og elitespelar for Sogndal. Arne er utdanna
som grafisk
ingeniør og DH-kandidat i Økonomi og Administrasjon.
Johan Olaf
Førde
(født 1968) er utdanna innan data og arbeider med datasikkerhet
i selskapet
mnemonic as i Oslo. Han har vore med frå oppstarten i 2000 og er
i dag
gruppeleiar for teknisk avdeling systemintegrasjon.
Brynjulf Førde (født
1941) er oppvaksen i ”Førs” (Førde i Jølster) og
er vår kjære onkel. Han jobbar
som advokat i Oslo med eigen praksis. Brynjulf er utdanna jurist og har
spesialisert
seg innan eigedom.
Christian
Førde (født
1976) er son av Brynjulf. Han er utdanna jurist og jobbar med eigedom i
advokatpraksisen saman med Brynjulf.
Trond Tronsaune
(født
1937) er ein sindig trønder og gift med vår kjære
tante Kjellfrid og busett på
Hamar. Han har jobba heile sitt yrkesaktive i NSB og er idag pensjonert.
Vidar Tronsaune
(født 1964) er son av Trond og Kjellfrid og busett på
Hamar. Han er utdanna
Ingeniør og Diplomøkonom og jobbar i dag som leiar av
Infobank hos EDB på
Hamar.
Junior-rekrutteringslaget
har følgjande medlemar:
Simen Tronsaune
(født 1993) er son av Vidar og er ein aktiv og lærevilleg
rekrutt under
opplæring.
Malin Isane Førde (født
1999) er dotter av Knut Ove og lærte svært tidleg ordet
”hjort” og har allereie
eit godt utvikla hjorteblikk og svært glad i hjortepølse.
Mathilde Førde (født
2002) er dotter av Johan Olaf og har allereie eige leikegevær og
har vore på leike-”smygjakt”.
Mats Førde (født
2005) er son av Johan Olaf og er enno litt ung, men ser ut til å
utvikle både
styrke og humør til å bli ein god jegar.
Mathias Buer Førde
(født 2007) er son av Christian, og er svært lik sin
far. Siste tilskot i jaktlaget.
|
|
Ønskjer du å kjøpe
hjortekjøt ?
TILBUD;
Pakningar à ca. 10 kg som består av ;
• ca. 25-30 % stykningsdelar (vakumpakka t.d.
ytrefilet, mørbrad, bankebiff, flatbiff, rundbiff, etc.)
• ca. 25-30 % dampepølse av hjort (iblanda
svin- og lamme-kjøtt)
• ca. 30 % karbonadedeig av reint hjortekjøtt
(ingen tilsetningar)
• ca. 10-20 % kraftbein
Kjøttet er naturlegvis kontrollert og godkjent av Mattilsynet.
Pris : kr. 130,- pr. kg ( kontant betaling ved
levering )
Levering : Oslo – medio januar / mars
Bergen – medio februar
Hamar – mai
Vi sel
hjortekjøtet ferdig partert, vakumpakka og godkjend etter
EØS-reglement. Meir om kjøp av hjortekjøt LES MEIR HER>>
Bilder 2006
Bilder fra jakta 2006 LES MEIR
HER
>>
Kulinariske tips!
Ønskjer du oppskrifter og kulinariske tips -
LES MEIR HER
>>
Sporing av merka dyr i området
Det er satt i gong
eit
omfattande merkingsprosjekt i Sogn og Fjordane, LES MEIR HER >>
Blåfjellet driftsplan
Driftsplan for området som vi jakter i. LES MEIR HER >>
Bildearkiv frå Knut. SJÅ HER
>>
Bilde fra reportasje Bergens Tidende hausten 2005.
Stor takk til fotograf Øystein Torheim i Bergens
Tidende SJÅ HER
>>
Trofèjakt i Rogaland (samarbeidspartnar)
Trofèjakt på brølande bukk i
Suldal, Rogaland. LES MEIR HER
>>
Annonse:
Vidar Tronsaune ønskjer å selje eit
topp kikkertsikte

1 stk Doctor 3-12x56
kr. 5.500,- Ring Vidar
på mobil 99 58 92 55
|
|