Sal av hjortekjøt
  • Vekta vert avrunda til heile kilo etter vanlege avrundingsreglar og vert vege ved sending frå slakteplass (slaktevekt).
  • Alle dyr skal ha ein modningsprosess på omlag 40 døgngrader og vert levert partert, vakumpakka og djupfrose (levering etter nærare avtale).
  • Pris per kilo (slaktevekt) er kr. .... (ta kontakt for avtale).
  • Seljar er ikkje meirverdiavgiftspliktig.
  • Omlag 20-25 % av (slakte)vekta går vekk ved partering når slaktar ”beinar” ut dyret.
  • Omlag 20-25 % av (slakte)vekta vert karbonadedeig (oppmalt reint hjortekjøt).
  • Slaktar er godkjend frå Næringsmiddeltilsynet og dei vil også kontrollvege dyret.
  • Veterinær vil kontrollere dyret før sending til slaktar og vil godkjenne dette etter reglar frå Næringsmiddeltilsynet.
  • Bein (til å koke god hjortekraft) kan leverast med - må avtalast ved bestilling.

Seljar må ta omsyn til dårleg jakt dvs. at talet på hjortedyr tildelt frå Viltnemda ikkje vert skote i løpet av sesongen.Under slike vanskelege jaktforhold vil kjøpar få levert færre kilo enn avtalt og i verste fall vert det inga levering.

Levering kan ordnast for Oslo og Bergen etter nærare avtale.

Bankgiroblankett for innbetaling vert levert ved levering av hjortekjøtet. Denne skal betalast so raskt som muleg og seinast innan 10 dagar etter levering.

Kontakt Knut Ove Førde på telefon 90 06 12 30 eller e-post knut.forde@sf-f.kommune.no