”Breim Jakt, Fiske & Friluftsliv” (BJFF). Org.nr. 991 558 519

 

Utleige av hjortejakt, sesongen 2008.

 

Teita /Byrkjelo i Gloppen kommune, Sogn & Fjordane Fylke.

1km. sør for Byrkjelo, 25km frå Sandane Lufthamn, 60km frå Førde og Stryn.

Kartreferanse:  1318 III  Breim.

 

Jaktterrenget (frå 150 moh til 1.000 moh) :

Jaktfelt

Areal

Kalv

Koller

Fj.bukk

Eldre bukk

Tot.løyver

1

Ca. 4.000 daa

3

5

3

3

14

2

Ca. 5.000 daa

3

5

3

3

14

3

Ca. 3.000 daa

1

2

1 (0)

1 (2)

5

4

Ca. 3.000 daa

1     

3

2

0

6

Tot.

Ca. 15.000 daa

8

15

9 (8)

7 (8)

39

 

Jaktfelt 1 og 2 ligg inntil kvarandre og er i tilknytning til overnattingsplass.

Jaktfelt 3 ligg ca. 6 km frå overnattingsplass, og er eit terreng opp mot høgfjellet. Bilveg heilt opp, dvs ca 500 m.o.h.

Jaktfelt 4  ligg ca. 1 km frå overnattingsplass. Enkelte jaktdagar, og 1 felling pr. jaktlag.

Terrenga er prega av lauvskog med for det meste bjørk og or, og med innslag av større og mindre plantefelt av gran. Det er ein del opne beiter i terrenget, og dessutan mange bøar langs  terrenget (gjeld jaktfelt 1,2 og 4). Nederste halvdel av terrenget (mot bøane/beiter), er forholdsvis flatt og litt småkupert, mens øverste delen er tildels bratt og kupert terreng. Området har vanlegvis ein stor hjortestamme, og areal pr. tildelte fellingsløyve er derfor ca. 300 dekar pr. løyve. Fellingsresultat for 2007 : Jaktfelt 1: 100% felling, Jaktfelt 2: 90% felling, Jaktfelt 3: 0% felling (svært få jegertimar) Jaktfelt 4: 95% felling.. Utleigejakt ca. 55% felling av leigd kvote.

Dette er eit variert terreng som eignar seg godt til posteringsjakt, smygjakt og drivjakt. Her er gode mulighetar for bøajakt, skogsjakt og ”fjelljakt” i og over tregrensa. Samjakt med inntil 2 jegerar frå BJFF i alle jaktfelta, og evt. også 2-3 jegarar til på drivjakt i jaktfelt 3.

 

Jaktlag som leiger jakt vil disponere alle 4 jaktfelta (ved leige av 3 eller fleire løyver – sjå seinare), men utover jakta kan det evt. verte begrensningar i kva type dyr ein kan skyte innanfor kvart enkelt jaktfelt (pga felling tidlegare på hausten).

 

Utleigar:

Knut O. Førde, 45år og ein av grunneigarane i jaktfelt 1. Har 29 års erfaring med jakt på hjort (over 200 felte dyr) i dette og tilstøtande områder. Pedagogisk utdanning, og arbeider som lærar i vidaregåande skule. Bur åleine og har delt omsorg (annankvar veke) for Malin på 9 år.

 

Kost og losji :

Alternativ 1 :  Våningshus m/ kost.

Saman med underteikna (og dottera Malin annankvar veke) i delvis restaurert lafta tømmerhus (ca. 150m2) frå 1909. 7 sengeplassar (4 soverom), 2 stover, nytt kjøkken, varmekablar på nytt bad, kjellar med vaskemaskin, tørketrommel, tørkemuligheitar, frys, m.m.

Ligg sentralt i jakt-terrenget (jaktfelt 1). Oppredde sengar når jegerane kjem.

Utleigar serverar middag kvar ettermiddag/kveld (t.d. hjortekarbonader, hjortepølser, gryterett av hjort, taco m/hjortekjøtt) 

Utleigar held all mat, og leigetakarane inntar alle måltid, utanom middag, etter prinsippet ”sjølvbetjening”. Anna kan evt. avtalast på førehand.

Alternativ 2 : Våningshus u/ kost.

Leige av Våningshuset åleine (utleigar bur ein annan stad). Leigetakarane held all kost sjølve. Eigen kokk kan evt. leigast inn.

Alternativ 3 : Hytte u/ kost.

Overnatting i hytte ( ca. 40m2, 5 sengeplassar (2 soverom + hems),bad m/varmekablar, kj.krok og stove).  Leigetakarane held all kost sjølve. Leigetakarane held sengeklede sjølve.

Vask av hytta er inkl.

 

Slakteplass:

Eigen slakteplass på  ca. 15m2 som er bygd kun for dette formålet - med flåbenk, taljer, viltposar, knivar, vatn m.m. ”Heng” for modning av kjøttet før levering på kjølerom.

Ligg sentralt i tilknytning til overnattingsplass.

 

Skytebane:

Eiga ”skytebane” for kontrollskyting (med villreinfigur på ca. 100m). Standplass for liggande med anlegg. Denne er til fri disposisjon under heile oppholdet.

Utleigar ynskjer at alle jegerar prøveskyt alle våpen før jakta tar til – dette for å kontrollere at transport av våpen ikkje har påverka treffpunktet.

 

Våpenkort / Storviltprøve / Jegeravgiftskort:

Desse skal naturlegvis vere godkjent, og alle jegerane skal ha med seg desse på jakt.

Manglar ein jeger nokon av desse 3 korta, så kan han/ho ikkje delta med våpen på jakta!

 

Kjøttkontroll & Partering:

Kjøttkontroll utført av Mattilsynet og transport av heilt slakt vidare til godkjent pølsemaker for partering kan ordnast mot tillegg i pris. Dette bør avtalast på førehand.

 

Guiding:

Alle jaktlag bør ha obligatorisk guiding på ca. 3 timar. Dette med tanke på sikkerhet (gjere seg kjend med jaktfelt/valdgrenser), trekkruter, postar, etc. Utleigar vil dessutan kostnadsfritt kvar kveld sette av inntil 1 time til råd og veiledning til leigetakarane dersom dette er ønskeleg. Guiding under sjølve jakta må avtalast på førehand, men 1-2 timar guiding morgon/kveld kan evt. avtalast dagen før.

 

Skadeskyting:

Skadeskotne dyr vert rekna som felte dyr, og vert trekt frå den betalte kvoten!

Unntak frå dette er om ettersøket påviser reint bomskot. Dette er utleigar sin garanti for seriøs jakt. Ved skadeskyting vert naturlegvis all anna jakt stoppa inntil påskote dyr vert funnet (inntil 24 timar), eller at hundeførar frå ettersøksringen avsluttar ettersøket. Alle i jaktlaget pliktar å vere disponible ved ettersøk. Hundeførar frå Ettersøksringen er til ein kvar tid ”øverste myndighet” under ettersøket, og tar saman med utleigar dei avgjerder som skal takast.

 

Ettersøkshund:

Utleigar er med i ettersøksring i kommunen, og er ansvarleg for ettersøkshund ved skadeskyting (ingen ekstra kostnad for leigetakarane). Eigen ettersøkshund kan dessverre  ikkje nyttast.

 

Bruk av hund:

Bruk av hund er tillatt, men leigetakarane er sjølve ansvarlege for evt. negative konsekvensar dette medfører.

 

 

Jaktdagar:

Innkvartering fredag ca. kl. 15 med kontrollskyting,gjennomgang av rutinar, kart, guiding, kontroll av godkjent skyteprøve for storvilt,våpenkort og jegeravgift m.m.  Jakta startar fredag ettermiddag/kveld. Evt. også guiding laurdag formiddag.

Antal jaktdagar er avhengig av antal jegerar og antal løyver ein leiger.

Utgangspunktet er ca. 4 jegerdøgn  pr. løyve (1 jegerdøgn = 1 jeger i 1 døgn).

Dette vil seie at eit jaktlag på eksempelvis 4 jegerar som har leigd 4 løyver, vil ha 4-5 døgn til rådighet for å felle desse dyra. Når eit jaktlag har felt leigd kvote, bortfaller resten av leigde jaktdagar. Eit jaktlag kan maksimalt ha 5 samanhengande jegerdøgn. Anna kan evt. avtalast på førehand.

 

 

Jaktperiode m/ datoar

 

Jaktfelt 1 , 2 , 3 og 4.

 

Merknad

1. Ons. 10.sept.  t.o.m.søn. 14.sept.

         Utleigd.

 

2. man. 15.sept. t.o.m. fre. 19.sept

         Utleigd.

 

3. laur. 20.sept. t.o.m. ons. 24.sept.

         Utleigd.

 

4. fre. 26.sept. t.o.m. ons. 1.okt.

         Utleigd.

Kvinneleg jaktlag

5. ons. 1.okt.kl.16 til søn. 5.okt.kl.16

         Utleigd.


  6. søn. 5.okt kl.16 til fre 10.okt. kl16


          Utleigd.


7. fre. 10.okt. t.o.m. ons. 15.okt.

         Utleigd.

 

8. fre. 17.okt. t.o.m. ons. 22.okt.

         Utleigd.

 

9. fre. 24.okt. t.o.m. ons. 29.okt.

         Utleigd.


10. fre. 31.okt. t.o.m. ons. 5.nov.


Utleigd 4 av 5 jegerar

 Gjestejakt , ledig 1 jeger

11. fre. 7.nov. t.o.m. ons. 12. nov.

         LEDIG.

Gjestejakt  eller Jaktlag

12. fre.14.nov. t.o.m. ons.19.nov. 2)

         Utleigd.

 

13. fre. 21.nov. t.o.m.ons. 26.nov.2)

         Reservert

Oppsamlingsjakt 3)

 1) Gjestejakt : Jakt for enkeltjegerar som vert satt saman til eit jaktlag (2007 : 4 jegerar frå Tromsø, Finnskogen , Oslo og Stavanger gjennomførte felles jakt med positivt resultat).

2)  Jaktperiode 12 og 13 viss det fortsatt vert utvida jakttid for hjort.

3)  Oppsamlingsjakt er for alle jaktlag som har mindre enn 70% felling i ordinær              jaktperiode.

 

 

Fellingsløyver og jaktområder :

Det er for inneverande jaktsesong tildelt ca. 40% hanndyr, 40% hodyr og 20% kalv.

Jaktlag kan leige inntil 50% hanndyr av dei vaksne løyva, evt. hodyr + fritt dyr. Eldre bukk kan utgjere maksimalt 43% av leigd kvote.

Krav om min. 3 løyver pr. jaktperiode.

                             

Feilskyting / overskyting:

  1. Dersom ein skyt eit anna dyr enn det som er tildelt som kvote (t.d. at ein skyt bukk på kolle-løyve) : Gevir beslaglagt & kr. 7.000,- i ” feilskytingsgebyr” for bukk - kr. 4.000,- for kolle.  Kalv kan fellast på alle typar løyver.
  2. Dersom ein skyt fleire dyr enn tildelt kvote : Dyret vert beslaglagt (gevir + kjøtt) & ”overskytingsgebyr” kr. 10.000,- for bukk - kr. 8.000,- for kolle - kr. 4.000,- for kalv.

 

NB! Jaktlag kan felle fjorkolle på eldre kolle-løyve. Kalv kan fellast på alle typer løyver.

 

Dette kjem som tillegg til prisane for sjølve jakta og kiloprisen.

Dersom utleigar ikkje disponerar fleire løyver av den kategori som er feilskote, vil dette også medføre informasjon til Viltnemnda i kommunen og anmeldelse til politiet.

Utleigar vil anbefale alle jaktlag å ha godt kommunikasjonsutstyr under jakta. Dette for ei meir effektiv jakt, og for å unngå feilskyting/overskyting av leigd kvote.

 

Guida jakt:

Tilbyr guida jakt for jegerar som har litt lite erfaring med hjortejakt – dette som ”ekstrahjelp” for å felle leigd kvote.

Tilbyr også guida jakt  etter bukk i brøleperioden (jaktperiode 5,6,7,8). Dette er ei heilt spesiell jakt som ofte gjev ein opplevelse for livet!

Denne jakta foregår med guide omlag heile tida, og vil derfor vere ei meir kostbar jakt.

1-3 jegerar er høveleg antal pr. jaktperiode v/ guiding.

Litt jakterfaring, lyssterkt  kikkertsikte, lydlause ”smyg-klede” og bra fysisk form er ein fordel m.t.p. denne jakta.

Ta kontakt om dette er av interesse.

 

Hjortejakt for kvinner:

Jaktperiode 4 er reservert spesielt for kvinnelege jaktlag. Dersom det ikkje er interesserte kvinnelege jegerar (innan ca. 15.mars), vert også denne perioden leigd ut som dei andre periodane.

 

Generelt:

Referansar vert oppgitt.

Brot på avtalen/kontrakta medfører at leigetakar mister jaktretten på leigde dyr, uten refusjon av innbetalt beløp.

Jakta skal foregå i henhold til gjeldande reglar i våpenlova og viltlova.

Jakta foregår i avtalt tidsrom, og på grunn av andre jaktlag kan eg dessverre ikkje tilby ekstra jaktdagar i forlengelse av leigde dagar.

 

Tilbyr ekstrajakt 21-26. november for jaktlag som har mindre enn 70% felling tidlegare på hausten.

 

Trådlaust breiband er innlagt i huset til utleigar, så leigetakarane kan jobbe via medbrakt bærbar pc under opphaldet.

 

Kvar jeger er sjølv ansvarleg for eiga utøving av jakta (evt. materielle skadar, skadeskyting, vådeskot, mm.) – jmfr. vedlagt eksemplar som skal underskrivast av kvar jeger før jakta tar til.

Alkohol og jakt høyrer ikkje saman, og jegerane pliktar å overholde dette i form av null promille på jakt.

Som ein del av denne kontrakta, kan ein også fiske i god ørretelv på privat fiskerett (ca. 1 km elvestrekning) og/eller gå på andejakt på området som tilhøyrer garden.

Rypejakt i fjella kan også ordnast av utleigar.

I jaktfelt 3 kan ein som ein del av denne kontrakta jakte på følgande småviltkvote : 2 tiurar , 2 orrhanar , 2 ryper og 2 harar.

Eg tilbyr eit seriøst opplegg der eg som utleigar vil gjere mitt beste for at leigetakarane skal trivast og få gode jaktopplevingar, og dessutan få gode moglegheitar til å felle dei dyra dei leiger.

I 2005 felte eit kvinneleg jaktlag frå Bergen kolle og fjorbukk i løpet av 4 dagars jakt, og 2 jegerar frå Oslo felte ein 12-taggar på 91,8 kg slaktevekt på 5 dagars jakt. (sjå ”Jakta 2005” i bildearkiv).

I 2006 vart det felt 18 av 29 leigde dyr, og i 2007 vart det felt 12 av 22 leigde dyr - deriblant ein flott 11-taggar på 120kg slaktevekt (sjå bilde på heimesida).

 

Jaktlag som vil leige hjortejakt i desse områda, kan kome på synfaring av terrenget i juni månad. Utleigar vil kostnadsfritt (inntil 3 timar) vere med å vise terrenget med grenser, m.m. Samtidig vert leigetakar og utleigar litt kjent med kvarandre, og kan evt. også undertegne kontrakt for jakta 2008 (sjå vedlegg).

 

Hjorten er eit lunefullt og utfordrande vilt å jakte på, så ingen kan garantere resultat i form av antal felte dyr. Kunnskap om viltet og terrenget er to viktige faktorar som utleigar vil bidra med, og dessutan vil  antal timar i terrenget pr. jegerdøgn vere heilt avgjerande for resultatet. Kun 1-2 timars jakt morgon og kveld er som oftast ikkje nok til å felle eit dyr pr. 3-4 jegerdøgn!

 

Hjortejakt er ei jakt for den tolmodige og forsiktige jegeren, og som er audmjuk nok til å lære av tidlegare erfaringar!   Det er ofte mange spennande og opplevelsesrike timar ”bak” kvar felt hjort!

 

Eg kan garantere hjort i terrenga og eit seriøst opplegg med gode tips om trekkruter og postar etter mange års jakterfaring. Overnatting i hus med sjel og atmosfære frå tidleg 1900-talet, og ikkje minst gode naturopplevelsar i vill og vakker Vestlandsnatur!

 

 

Priseksempel  - "Pakke-pris" :

4 jegerar leiger 1 kalv + 2 koller + 1 fjorbukk, og overnattar i hytte (alt. 3 ; inntil 6 døgn) på campingplass. 

Pris :  kr. 13.990,- .

Dette vert kr. 3.498,- pr. jeger for 5 døgn jakt med inntil 6 overnattingar i ca. 12.000 dekar,

dvs. kr. 700,- pr. døgn !

I tillegg kjem kg-pris etter felling.

 

 

Viser også til bildearkivet   www.hjortejakt.com

 

 

Sjå også :

www.ssb.no/jakt

www.njff-sognogfjordane.no 

 

 

 

Seriøse jegerar/jaktlag kan sende mail til ;

 

knut.forde@sfj.no

 

for meir informasjon, så tar eg kontakt for vidare drøfting.

 

 

Jegerhelsing

 

Knut O. Førde

Tlf.  90 06 12 30