Kulinariske tips
om
HJORT
- eksklusivt kjøt for kresne ganar -

Utarbeid av Jaktlaget Både Natt og Dag







Innhald

Generelle tips



Steiking og koking
  • Korleis steike ein god biff ?
  • Steiking av heile stykker
  • Koking av kjøtt


Sausar og stuing
  • Soppstuing
  • Rista sopp
  • Paprikasaus


Gryterettar
  • Jaktlagets hjortegryte


Karbonadedeig
  • Jaktlagets hjortekarbonader


Prøv noko nytt!
  • Tartar av hjortekjøt



Generelle tips

  • Husk å tine hjortekjøtet i kjøleskap vel 1 døgn før du skal bruke det.
  • La hjortekjøtet verte romtemperert før steiking (20-30 minutt).
  • Ta vare på kjøtkrafta ved steiking og bruk den i sjy, saus eller stuing.
  • La kjøtet kvile ei stund før oppskjæring og bruk god kniv.
  • Husk at karbonadedeigen av hjort er utruleg allsidig, sunt og magert -  kan brukast i mange kvardagsrettar som pizza, pasta, taco, lasagne, karbonader, gryterettar osv.
  • Nyt det gode hjortekjøtet! Ikkje spar for lenge på godbitane , men NYT NO!
  • Lykke til og velbekomme!!






Steiking og koking

Korleis steike ein god biff?

Biff er for mange det beste. Det kjttet som vi leverar er godt mørna, noko som er ein forutsetning for eit godt resultat. Kva er så biff? Ein biff er eigentleg eit stykke reint kjøt. Dei beste biffstykka finn vi i mørbrad, flatbiff, entrecôte, ytrefilet og indrefilet.
Slik går du fram for å få eit godt resultat:
  •  Del biffstykka i nokolunde like delar. Kjøtet bør ligge i romtemperatur i omlag 30 min. før steiking

  • Bruk sterk varme og la smøret bli brunt før du legg i kjøttet. Ikkje legg for mykje kjøtt i av gonge (då vert kjøtet kokt og ikkje steikt).

  • Når kjøttsafta byrjar å piple ut av kjøttet snur du  biffen. Bruk steikespade og/eller treredskap.

  • Når kjøtsafta piplar ut på toppen av biffen er den ferdig steikt (medium).

  • La biffen kvile ei kort stund før servering.

Ein tommelfingerregel kan vere:
Rå biff / lite steikt - 1 min. på kvar side.
Medium biff - 3 min. på kvar side.
Godt steikt - 1 min. på sterk varme og 4 min. på svak varme på kvar side.


Steiking av heile stykker

Det kan vere praktisk å steike heile stykker dersom ein skal ha mange til middag. Ein heilsteikt filet er også ein flott måte å servere ein god middag på. Den sikraste måten for eit godt resultat er å bruke steiketermometer. Steiken/fileten er raud ved 55-60 grader, rosa ved 60-65 grader og grå ved 70 grader.
Framgangsmåten er elles mykje lik som ved steiking av biff.
  • Kjøtet bør ligge i romtemperatur i ca. 30 min. før steiking.

  • Bruk sterk varme og la smøret bli brunt før du legg i kjøtet. Ikkje legg for mykje kjøt i av gangen.

  • Brun den raskt på begge sider for å lukke porane i kjøtet. Bruk steikespade og/eller treredskap.

  • Legg fileten i ei ildfast form eller pakk den inn i aluminiumsfolie og stikk inn steiketermometeret.

  • Steik ferdig i steikeovnen på 175 grader.

  • La fileten kvile i 15-20 min. før du skjærer den i passelege stykker.

 

NB! Det er viktig at fileten får kvile i 15-20 min. då held betre på kjøtsafta slik at kjøtet ikkje vert tørt.
Det kan vere lurt å pakke kjøtstykket inn i aluminiumsfolie for å halde betre på varmen og kjøtsafta - denne er nemleg svært god i saus eller soppstuing..


Koking av kjøt

Koking av kjøt passar best for kjøt frå forparten då dette har meir bein og hinner enn kjøt frå bakparten. Bog, bryst, bibringe og høgrygg egnar seg godt til koking og kan vere eit godt utgangspunkt til supper og gryter.
Vi har her ei enkel oppskrift til dette formålet.
  • Bruk 1-1,5 l vatn og 2 ts salt pr. kilo hjortekjøt. Kok opp.

  • Legg i kjøtet og kok opp på nytt. Skum av innimellom for å få ei klar kraft.

  • Tilsett heil peppar, litt løk i skiver og ein suppekvast *.

  • Senk varmen og la kjøtet trekke på ca. 80 grader til det vert mørt (ca. 1,5-2 timar)

* Suppekvast: Purre, persilleblad, timian og/eller andre urter. Knyt saman med hyssing og la den trekke saman med kjøtet. Dette er med på å sette god smak til krafta. Bruk fantasien og lag din personlege suppekvast!
 

Du har no ei god kraft som gjev eit godt utgangspunkt for å lage di eiga hjortekjøt-suppe. Ha i det du synst passar i ei suppe og server den glovarm på kalde vinterkveldar!
 


Sausar og stuing


Det viktigaste ved sidan av god kvalitet på kjøtet, er ein god saus og/eller gode stuingar. Sopp eignar seg svært godt til alt viltkjøt, så også til hjortkjøt. Vi kan difor på det absolutt varmaste anbefale soppstuingen under. Det er som de forstår ein ”mektig” stuing som passar svært godt til det magre hjortekjøtet. Prøv også dei andre oppskriftene og finn din eigen vri og din eigen favoritt.
Velbekomme!

Soppstuing (til 4 personar)

500 gram sopp
1 dl finhakka løk  (1-2 løk)
1 dl  portvin eller rødvin
4 dl kremfløyte eller matfløyte samt litt mjølk
1-2 fedd kvitløk
1 ss basilikum
salt og peppar
  • Steik soppen saman med løken.

  • Hell på vinen og kok inn til det nesten er kokt inn.

  • Tilsett fløyten og la det småkoke til stuingen er fyldig (dette tar si tid)
  • Rør inn knust kvitløk og basilikum. Smak til med salt og peppar.

Rista sopp (til 4 personar)

500 gram sopp
2 fedd kvitløk
persille
litt sitronsaft
  • Steik soppen i litt olje.

  • Finhakk kvitløk og persille saman og ha over soppen.
  • Fortsett å steike soppen nokre minutt og press nokre dråpar sitronsaft over og server.

Paprikasaus (til 4 personar)

1 løk i litt store bitar
1 grøn, 1 raud og 1 gul paprika i strimlar/bitar
1 dl buljongkraft eller hjortekraft
3 dl kremfløyte eller matfløyte
100 gram saltkjøt, bacon el.likn. i små bitar
salt og peppar
  • Steik løk og paprika mjuke.

  • Hell på kraft og fløyte og la det småkoke i 10 min.

  • Steik kjøtbitane og tilsett i sausen.

  • La det småkoke til ønska fylde, men min. 10 min.

  • Smak til med salt og peppar.


Gryterettar

Gryterettar kan vere so mangt. Her er det opp til eigen fantasi og kva ein likar. Vi vil likevel kome med ei tradisjonell oppskrift som kan nyttast både som kvardagsmat og som festmat. I ein gryterett kan ein nytta alt slags kjøt. Det kan vere restar av ei steik, avskjær og småkjøt. 

Jaktlagets hjortegryte (til 4 personar)


600 gram kjøt i terningar/strimler

3 dl buljongkraft
3 dl fløyte eller matfløyte
200 gram sopp
Grønnsaker (f. eks. frosen grønsaksblanding eller eiga blanding f.eks. løk, paprika, sopp, squash, mais)
paprika
mais
løk
krydder
  • Brun kjøtet og la det småkoke i kraft og fløyte i ca. 45 min.

  • Steik sopp, grønnsaker, paprika og løk og ha i gryta saman med mais dei siste 10-15 min. Smak til med krydder.
  • Server med salat, brød, ris, poteter, pasta osv. etter eige ønske.

Karbonadedeig


Karbonadedeigen kan brukast til so mykje. Karbonadedeig av hjort eignar seg godt både til pizza, taco, lasagne og i gryterettar. Den kan sjølvsagt også nyttast til å lage karbonader eller kjøtkaker. Jaktlaget har prøvd dette og har følgjande oppskrift på karbonader.


Jaktlagets hjortekarbonader


1 kg karbonadedeig

1 egg
2 ss potetmjøl
2-3 ts salt
1 ts kvit eller svart peppar
1 liten løk, finhakka
  • Bland egg, potetmjøl, salt, peppar og finhakka løk godt saman med kjøtdeigen.

  • La karbonadedeigen få kvile minst 15 min.

  • Form karbonadene og steik dei i panne på middels varme (3-5 min. på kvar side).
  •  Ettersteik karbonadene i steikeovn på 200 grader i ca. 10 min.

Lag dine eigne spesial-karbonader f.eks. ost, ferskrive parmesan, paprika, sopp osv. osv.

Det kan også vere lurt å steike mange karbonadernår du først er i gong. Frys karbonadene i passelege porsjonar og det vert lettare å lage rask og god middag!


Prøv noko nytt!!

For dei fleste av oss høyrest rått kjøt og rå eggeplomme litt for barbarisk ut. Men dette er verkeleg ei smaksoppleving vi kan anbefale! Bruk reint hjortekjøt utan feitt eller hinner. Finmal det i f. eks. foodprosessor.

Tartar av hjortekjøt (til 4 personar)

600-800 gram finmalt hjortekjøt
2 ss sennep
0,5 dl buljongkraft
0,5 dl olje
10-12 dråpar Aceto Balsamico di Modena (6% eddik)
1 finhakka løk
kapers
rødbetar i bitar
sylteagurk i bitar
eggeplommar
finhakka persille
brød
salt og peppar
  • Bland sennep, buljong, olje og eddik godt saman.
  •   Form kjøtet på ei brødskive og legg ein eggeplomme på toppen.

  • Legg løk, kapers, rødbetar og sylteagurk rundt og hell litt saus rundt biffen. Strø litt persille over det heile.
Bon apetitt!


 

  


Copyright (c) 1995-2010 Knut Ove Førde. Kontakt Webmaster for informasjon.